JavaZone 2009 - EJB 3.1 - What's new?

Med lanseringa av Java Enterprise Edition 6 er Enterprise JavaBeans 3.1-arkitekturen klar for massene. I EJB 3.1-spesifikasjonen har forenklingane som vart introdusert i EJB 3.0 blitt vidareutvikla, og i tillegg har ny funksjonalitet blitt lagt til. Denne sesjonen gir eit oversyn over både endringane og den nye funksjonaliteten i EJB 3.1-spesifikasjonen.
Emner:
  • Valgfrie local business interfaces
  • Portable globale JNDI-navn for session beans
  • Embedded Enterprise JavaBeans i webapplikasjonar
  • Singleton-beans og singleton concurrency management
  • Asynkron metodeinvokasjon på session beans
  • Applikasjonsvide livssyklusnotifikasjonar
  • Forenkla orkestrering med EJB TimerService
EJB 3.0 tok eit stort steg i retning av ein forenkla EJB-arkitektur og reduserte drastisk på utviklingsinnsatsen som krevdes for å implementere Enterprise JavaBeans. EJB 3.1-spesifikasjonen vidarefører denne forenklingsprosessen ved å gjere local business interfaces valgfrie, globale JNDI-navn blir endelig standardiserte og EJBar kan no instansierast direkte i webapplikasjonar utan behov for ein separat ejb-jar.
Fokuset i overgangen fr† EJB 2.1 til 3.0 var å forenkle spesifikasjonen, heller enn å skulle introdusere ny funksjonalitet. Med EJB 3.1 er denne funksjonalitetsfrysen over og mykje ny funksjonalitet har blitt introdusert. Singleton beans og applikasjonsvide livssyklusnotifikasjonar for session beans er heilt nye konsept, men også eksisterande API har fått ei ansiktsløfting med ny funksjonalitet som cron-aktig spesifisering av tidsuttrykk til EJB TimerService og asynkron metodeinvokasjon på session beans.
Oddbjørn Kvalsund

Oddbjørn Kvalsund

Oddbjørn Kvalsund er Accenture Technology Solutions i Oslo sin Subject Matter Expert (SME) på Core Java Programming. Han er utdanna master i informatikk frå Høgskolen i Østfold og Newcastle University og er aktiv i javaBin-miljøet i Oslo.